Ein million her og ein million der

Det lyriske skriftspråket nynorsk har rørt ein heil nasjon sidan det vart ei offisiell målform i Noreg i 1885. Me har alle eit forhold til både Ivar Aasen og den gule ordboka som for noen gjekk under kallenamnet ”Spynorsk Mordliste”.

Når denne teksten vert skriven, fins det 429 kommunar i Noreg. Av desse har 115 nynorsk som målform og 159 sver til bokmålet. Midt i mellom har me dei som ikkje er heilt sikre – 155 norske kommunar reknast som skriftspråkleg nøytrale.

Men kven av desse har mest flaks? Ein kan kanskje hevde at det nynorske skriftspråket er både rikt og vakkert, men det er likevel bokmålskommunane som vinn mest. Per 10.000 innbyggjarar finn me heile 25 millionvinnarar i desse kommunane. I nynorskkommunane ligg dette snittet på 20.

I tillegg vinn bokmålsvinnarar i snitt 3.414.825 millionar kroner, mens nynorskkommunane har eit snitt på 3.371.259 kroner. Her kan det verke som at det smartaste er å gjere som Sveits; vinnarane i dei språknøytrale kommunane landar nemleg på 3.510.293 kroner.

Tallene er hentet i juni, 2015.